I Eiendomsskatteloven § 28 står det:
«Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart
innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.»
Det er to vilkår som må vere oppfylt for at eigedomsskatten skal kunne settast ned eller bli ettergitt i medhald av eigedomsskatteloven § 28:
• det må finnast ”særlege grunnar” og
• desse særlige grunnane må gjere det ”særs urimeleg” om helie eigedomsskatten vert innkrevd.
Dette kan for eksempel gjelde dersom
- du nyleg har mista inntekt på grunn av alvorleg sjukdom eller ulykke, og har ikkje oppsparte midlar eller annan formue, som gjer at du ikkje har høve til å betale
- eigedomen brått har mista verdi, til dømes etter ein brann
Les meir om dette i § 28 i eigedomsskattelova
Slik søker du
Du søker ved hjelp av eige skjema på heimesida. Dette må du ha klart før du søker:
- gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer for eigedomen (Dette finn du på eigedomsskattesetelen og fakturaen.)
- ei forklaring på kvifor du meiner det er urimeleg å betale heile eller delar av eigedomsskatten
- utskrift av siste skattemelding frå Skatteetaten for alle i husstanden over 18 år
- husleigekontrakt dersom du leiger ut delar av bustaden eller anna.
For bustader i burettslag gjeld eigne dokumentasjonskrav.
Bruk skjema for å søke fritak frå eigedomsskatt her.
Dersom du har behov for papirskjema, ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga. Hugs å ta med dokumentasjonen du skal legge ved.
Alternativt kan du sende søknaden hit:
Eigedomsskattekontoret,
Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Etter du har søkt om fritak
Formannskapet behandlar søknaden etter fastsette retningslinjer.
Får du ettergitt eigedomsskatt, gjeld det berre for eitt år. Du må derfor søke på nytt for kvart år du ønskjer fritak.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.