4. Grunn til vidare oppfølging?
Ingen vidare uro:
Dersom samtalen med barnet eller føresette viser at det ikkje lenger er grunn til bekymring, eller at tiltak ikkje er nødvendig, skriv du eit kort notat og arkiverer det i fagsystem/elevmappe/barnemappe. Deretter avsluttar du saka.
Behov for tiltak:
Dersom uroen tilseier at tiltak bør setjast i verk, opprettar du stafettlogg og går vidare til nivå 1 i rettleiaren.
Dersom det trengst samarbeid, men utan klare mål eller tiltak, kan du opprette Enkelt Samspill.
Behov for samarbeid med andre tenester:
Dersom uroen krev oppfølging frå ei anna teneste, drøfter du dette med aktuell teneste og går vidare til nivå 2 i rettleiaren.
Du kan drøfte saka i skolens PALS-team/tverrfagleg ressursteam. Avklar med leiar om andre tenester bør inviterast inn i møtet.
Til deg som jobbar i vaksentenestene
Dersom du jobbar med ein vaksen som har barn, og blir uroa for barnet, skal du ta dette opp med den vaksne. Oppmod dei til å kontakte barnehage, skule eller hjelpeteneste, eller innhent samtykke til å gjere dette på deira vegne.
Er du i tvil, kan du drøfte saka anonymt med relevante tenester.
Du skal alltid vurdere om saka skal meldast til barnevernet etter opplysningsplikta. Bekymringsmelding bør sendast i samarbeid med føresette, dersom situasjonen tillet det.
NB! Viktig unntak
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ikkje snakke med føresette. Kontakt politi eller barnevern direkte.
Plikt til å handle
Hugs at du som tilsett er plikta til å handle dersom du har ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom.
Verktøy
Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)