4. Grunn til vidare oppfølging?
Ingen vidare uro:
Dersom samtalen med barnet eller føresette viser at det ikkje lenger er grunn til bekymring, eller at tiltak ikkje er nødvendig, skriv du eit kort notat og arkiverer det i fagsystem. Deretter avsluttar du saka.
Behov for tiltak:
Dersom uroa tilseier at tiltak bør setjast i verk, dokumenter i fagsystem og gå vidare til nivå 1 i rettleiaren.
Behov for samarbeid med andre tenester:
Dersom uroa krev oppfølging frå ei anna teneste, drøfter du dette med aktuell teneste og går vidare til nivå 2 i rettleiaren.
Du kan drøfte saka i skulen sitt PALS-team/utvida PALS-team. Avklar med leiar om andre tenester bør inviterast inn i møtet.
Til deg som jobbar i vaksentenestene
Dersom du arbeider med ein vaksen som har barn, og blir uroa for barnet, skal du ta dette opp med den vaksne på ein open og respektfull måte. Oppmod føresette til å ta kontakt med barnehage, skule eller relevante hjelpetenester. Dersom det er behov, kan du innhente samtykke til å ta kontakt på deira vegner.
Er du usikker på korleis saka bør handterast, kan du drøfte henne anonymt med aktuelle tenester for å få rettleiing.
Du skal alltid vurdere om saka utløyser opplysningsplikt til barneverntenesta. Bekymringsmelding bør, så langt det er mogleg, sendast i dialog og samarbeid med føresette – med mindre situasjonen tilseier noko anna.
NB! Viktig unntak
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ikkje snakke med føresette. Kontakt politi eller barnevern direkte.
Plikt til å handle
Hugs at du som tilsett er plikta til å handle dersom du har ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom.
Verktøy
Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)
Plikt.no