Ytre Søre Sunnmøre er den største maritime regionen i landet

Ytre Søre Sunnmøre er den største maritime regionen i landet

Myklebust verft as Sande er den mest maritime kommunen der 64 % av alle som jobbar i næringslivet er tilknytta maritime næringar/ arbeidsplassar.

Sande på topp

Menon har på oppdrag frå Maritimt Forum og NITO analysert «Den maritime næringens bidrag til offentlige inntekter og sysselsetting i distriktene». Der kjem det fram at kommunane på Ytre Søre Sunnmøre utgjer den mest maritime regionen i landet.

Om vi ser på delen av maritimt tilsette av alle tilsette i næringslivet, er Sande den mest  maritime kommunen med 64 %, Ulstein er på andre plass med 62 %, Hyllestad kommune med Havyard og lille Utsira kommune hindrar at alle topp-tre kommunane er frå Ytre Søre Sunnmøre. Herøy kommune er på sjette plass med 47 % maritimt tilsette av alle som jobbar i næringslivet. Hareid har 41 % .

Av dei over 8800 som arbeider i det private næringslivet i dei fire kommunane, er det nesten 5000 som arbeider i maritim næring. Om fiskeri var inkludert i begrepet maritimt, ville tala vore endå høgare.

I Sande er det ca 600 arbeidsplassar i denne næringa. Det er eit høgt tal, spesielt i forhold til folketalet som no ligg rundt 2500. Mange av arbeidsplassane har arbeidsinnvandring -  særleg frå Polen, Litauen og Romania.  Vi har både inn- og utpendling frå andre kommuner  i forhold til maritim næring. 

Statistikk viser at Sande totalt har større arbeidsinnpendling frå nabokommuner enn vi har utpendling til arbeid i andre kommuner.

Kva skjer i framtida?

- Den norske maritime klynga er unik og avgjerande viktig for norsk sysselsetting, verdiskaping og eksport. Denne rapporten stadfestar at maritim næring er avgjerande for å oppretthalde mange kystsamfunn, ikkje minst her på Ytre Søre Sunnmøre.  Det uroar oss at viktige delar av ei næring som bidreg så mykje til fellesskapet no er i en kritisk situasjon. Regjeringa gjer ikkje nok for så sikre maritim sektor for framtida, sier daglig leder Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

- Koronapandemien har sett den maritime klynga under stort press, og spesielt de store nybyggingsverfta og fleire offshorerederi har no store utfordringar. Det er viktig at regjeringa iverkset fleire av dei tiltakene som Maritimt Forum har føreslått -  blant anna innanfor finansiering, ombygging, resirkulering og grøn skipsfart, for å sikre at kritisk kompetanse ikkje forvitrar.

Det er val-år og valkamp

-Vi får følgje med på kva partia lovar av rammevilkår for næringslivet framover, seier Olav Myklebust, ordførar i Sande, som er stolt av kva næringslivet i Sande leverer. I tillegg til den maritime næringa er det mange bedrifter her som  leverer innanfor det "sjønære " området og som gjer sitt til at vi har ei framifrå kommune å bu og arbeide i. 

Larsnes mek as Sande kommune