Måndag 16. februar inviterer vi til familiedag med grilling ved Hallevatnet - med atterhald om at isen framleis held. Denne dagen håpar vi både store og små blir med. Det er ikkje kvart år vi har skøyteis, så kanskje blir dette debuten for nokre små, og oppfrisking av gamle kunstar for «gamlisane»?
Vi oppmodar også dei som har ekstra skøyter og hjelmar liggande heime om å gjerne ta dei med! Det kan fort vere bruk for fleire par. Om isen har gitt seg for i år, går vi opp i Vardevegen og finn på noko kjekt oppe ved gapahuken. Ta med grillmat, og NaKuHel Sunnmøre stiller også med pølser og kakao. Arrangørane er der frå klokka 14.30 og utover dagen.
f.v. Nina Bøe og Ann-Kristin Brekke Oksavik
Silje S. Mork
Tysdag 17. februar blir det open hall og ungdomsklubb i av samarbeid med Larsnes idrettslag. Opningstida er frå klokka 12 til 15.30. Det blir servert enkle ostesmørbrød, og med moglegheit for gaming, brettspel og aktivitetar i gymsalen. Der vert også kiosk. Frå 4 klasse og oppover i ungdomskulen
Torsdag 19. februar blir det badedag på Ulstein Arena for 4. klasse og oppover. Vi tar rutebuss, og har 20 plassar tilgjengeleg. Meld dykk på til Nina på tlf. 41507568 så fort som råd for å sikre plass. Dei som blir med må vere symjedyktige.