– Vi ønskjer å høyre både innbyggarane og dei kommunetilsette. Vi vil ta med deira røyst når det skal gjerast politiske vedtak om dei tre kommunane skal gå vidare med prosessen og eventuelt lage ein intensjonsavtale om kva ein samla kommune kan bli, seier ordførar i Herøy, Tine Storøy, ordførar i Sande, Dag Vaagen, og ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide, etter møtet i styringsgruppa.
Korleis innbyggar- og medarbeidarhøyringa skal praktisk gjennomførast vil kome som ei eiga sak til styringsgruppa.
- Ønsker ei sterk forankring
Den tverrpolitiske styringsgruppa er sett saman av ordførarar, varaordførarar og representantar frå opposisjonen, samt kommunedirektørane i Herøy, Sande og Ulstein. Men styringsgruppa har ønska involvering frå dei kommunetilsette og har difor spurt tillitsvalde og hovudverneombod om å ta del i gruppa. Møtet i Sande rådhus var første møtet der dei tok del.
F.v.: Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen, ordførar i Herøy kommune, Tine Storøy, og ordførar i Ulstein kommune, Stian Skorgen Scheide.
Silje Scheide Mork/3K kommunikasjon
– Vi ønsker at denne prosessen skal ha ei sterk forankring blant våre tilsette, og difor er vi glade for at tillitsvalde og hovudverneombod har takka ja til å vere med i styringsgruppa, seier dei tre ordførarane.
Felles kommunestyremøte
I møtet vart det gitt ei orientering om status for arbeidet, og styringsgruppa diskuterte tidslinja for viktige milepelar framover.
Det neste viktige punktet blir når Telemarkforsking skal presentere faktagrunnlaget dei har utarbeidd, og kome med sine analysar av dei ulike alternativa for Herøy, Sande og Ulstein: å halde fram som i dag, samarbeide meir, eller slå seg saman til ei kommune. Denne rapporten vert presentert for dei tre kommunane i eit felles kommunestyremøte på Breidablik i Sande kommune 24. september.
Møtet er ope for publikum og etter kommunestyremøtet er ferdig vil tilhøyrarar få høve til å stille spørsmål om rapporten til Telemarkforsking.
Folkerøysting før sommaren
Dersom kommunestyra i Herøy, Sande og Ulstein vil gå vidare i prosessen mot ei kommunesamanslåing, vil styringsgruppa anbefale at det skal vere ei folkerøysting før det vert gjort eit endeleg vedtak.
Styringsgruppa har sett på ulike tidspunkt for å gjennomføre ei slik folkerøysting, og kome fram til at dei ønskjer at det skal skje før sommaren 2027.