Vil du vere med på trening?

Vil du vere med på trening?

Ønsker du å bli sterkare og stødigare? Er du over 60 år og kan gå utan ganghjelpemiddel inne? Klarer du mindre i dag enn for eit år sidan? Då er dette tilbodet for deg.

Instruktør hjelper kvinne å trene - Klikk for stort bilete Adobe Stock

 

«Sterk og stødig» er eit gruppetilbod for seniorar der hovudfokuset er styrke- og balansetrening. Treninga går føre seg sittande på stol, ståande og gåande, med muligheit til å støtte seg på stolryggen. Det er frivillige instruktørar med god kompetanse som held treninga, i samarbeid med fysioterapeutar frå kommunen.

Ein må kome seg til treninga sjølv.

Tilbod:

1. Hallen, Larsnes oppvekstsenter 

Tidspunkt: Måndag kl. 13.45-14.45

2. Gymsalen ved Gursken oppvekstsenter 

Tidspunkt: Måndag kl. 14.15-15.15

3. Gjerdsvika skule, gymsalen

Tidspunkt: Måndag kl 10.30-11.30 

4. Sandsøya skule, gymsalen

Tidspunkt: Torsdag kl 10.30-11.30 

 

Tilbodet er gratis, og du treng ikkje melde deg på.

Ta med klede du kan røre deg lett i, innesko – og gjerne godt humør!

Har du spørsmål, ta kontakt med:

90711916 / 48892151    

Fysioterapeut i Sande kommune  

 

Høyrest dette ut som noko som kan passe for deg?
 

Då er du hjartelig velkomen!

Sterk og stødig - Klikk for stort bilete