Stortingsvalet 2025

Vil du utvikle verksemda di vidare? Her får du støtte og inspirasjon

Vil du utvikle verksemda di vidare? Her får du støtte og inspirasjon

Har verksemda di behov for avklaring, inspirasjon eller hjelp til å nå nye mål? Då kan ÅKP StepUp vere noko for deg.

fire armer held papprakett - Klikk for stort bilete istock / Rawpixel

ÅKP StepUp er eit samlingsbasert program for små og mellomstore bedrifter og gründerar som ønskjer å tenkje nytt, få fagleg påfyll og utforske moglegheiter for vidare utvikling. Programmet passar spesielt godt for verksemder som står i ei tidleg fase, har gjennomgått leiarskifte eller opplever endringar i marknaden.

Dette får du som deltakar:

  • Faglege innlegg og anerkjend metodikk
  • Deling av erfaringar på tvers av bransjar
  • 1:1 rådgjeving og individuell oppfølging
  • Sparring med eksterne mentorar og ekspertpanel

 

Samlingar hausten 2025:

  • 16. oktober
  • 3. november
  • 24. november
  • 8. desember

 

Samlingane blir haldne på ÅKP NMK i Ålesund, og kvar gruppe består av om lag 10 verksemder. Det er også individuell oppfølging før, mellom og etter samlingane.

ÅKP - Klikk for stort bilete ÅKP

Tema for samlingane:

  1. Analyseverktøy, trendar og forretningsmodellering
  2. Kven er kunden og korleis nå ut?
  3. Finansiering, styrearbeid og organisering. Kommunikasjon og presentasjon.
  4.  Norsk katapult/AI - møte med eksterne mentorar
  5. Individuelle samtalar om vegen vidare

 

Pris:

Eigenandel per bedrift er kr 17.000,- eks. mva. (for 1–2 deltakarar). Bevertning er inkludert.

 

Påmelding og kontakt:

Har du spørsmål eller vil melde deg på?
Ta kontakt med Robert Voldnes på e-post robert.voldnes@aakp.no eller telefon 906 58 517.

ÅKP StepUp - Informasjon til deltakarar (PDF, 500 kB)