Vil du bli frivillig instruktør på Sterk og Stødig treningsgruppe?

Vil du bli frivillig instruktør på Sterk og Stødig treningsgruppe?

Det blir gratis kurs på Larsnes 4.-5. juni på dagtid!

Instruktør hjelper kvinne og trene - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Vi har allerede nokre instruktørar i Sande kommune som sidan 2017 har drive Sterk og Stødig-gruppa på Larsnes. No ønsker vi å få med oss fleire på instruktørlaget; anten som vikar, medinstruktør eller for å starte fleire grupper i kommunen.

Som instruktør får du vere aktiv, sosial og bety noko for andre. Vil du vere med på laget eller er de fleire saman som kunne tenke seg å starte ei gruppe? Sprei gjerne ordet om du kjenner nokon det kan vere aktuelt for.

Kurset er både kjekt og lærerikt, så vi håper på å få med oss ein gjeng i juni!

Ved spørsmål og påmelding, ta kontakt med ein av dei kommunale fysioterapeutane:

Kristine Rein: 48892151, kristine.rein@sande.kommune.no

Kristina Meinseth: 90711916, kristina.meinseth@sande.kommune.no

 https://vimeo.com/719861440

sterk og stødig logo - Klikk for stort bilete