Bli med på eit lærerikt kurs som vil gje deg god kompetanse på fysisk aktivitet, korleis ivareta eigen styrke og balanse, samt planlegging og gjennomføring av gruppetimane.
Vi har spesielt behov for fleire instruktørar til gruppa på Sandsøya, og om nokon er interessert i å starte gruppe på Kvamsøya hadde det vært veldig kjekt!
Men fleire instruktørar er kjærkomne uansett kor ein har moglegheit til å bidra. Dess fleire instruktørar vi får per gruppe, dess mindre bunden blir ein. Det blir da også enklare å vikariere for kvarandre ved behov.
Sprei gjerne ordet!
Ved spørsmål eller interesse, ta kontakt med ein av kommunefysioterapeutane:
Kristine Rein: 488 92 151
Kristina Meinseth: 907 11 916