NaKuHel og Sande kommune i regi av Sande Frivillegsentral
inviterer til felles møte for dei frivillige organisasjonane i Sande!
Tid: Onsdag 10. juni klokka 18
Stad: Sande rådhus, kommunestyresalen
Hugs påmeldingsfrist, informasjon nedst i innkallinga.

Vi vil gjerne invitere til frivillig forum mellom frivilligheita og Sande kommune. Det vert eit todelt møte:
- NaKuHel Sunnmøre fortel om pilotprosjektet i folkehelsekampanjen ABC, og Sande Frivillegsentral orienterar kort om frivilligundersøkinga som fylket har gjennomført. Deltaking i frivillig arbeid har veldig stor verdi for befolkninga si opplevde helse, og sentralt i denne bolken er å sjå på korleis vi kan styrke og oppnå meir i frivillig sektor og folkehelsearbeidet.
- Sande kommunestyre bad kommunedirektøren ta iniativ til eit felles forum mellom skuleeigar og øvrige brukarar, med mål om å utnytte felles ressursar i arbeidet med å styrke dei fysiske tilhøva på kommunen sine møteplassar. Med bakgrunn i dette vedtaket vil Sande kommune no fylgje opp og invitere til eit forum mellom kommunen og frivilligheita. Gjennom dette ynskjer vi å leggje til rette for auka samahandling kring bruken av offentlege bygg, og saman finne gode løysingar for å styrke dei fysiske tilhøva på kommunen sine møteplassar. Vi viser i denne samenheng til kommunestyre sitt verbalframlegg, som peikar på behovet for betre koordinering og samarbeid mellom kommunen, skuleeigar og frivillige aktørar, slik vi får best mogleg utnytting av eksisterande ressursar.
Nokre av sakene vi ynskjer å drøfte :
- Fast møteplass for frivillig sektor?
- Synlegjering og rekruttering – korleis ligg vi an?
- Er det behov for kveldar med ulike tema – som t.d søknad skriving?
Vi set av tid til god mat og mingling!
NB! Nettverksmøtet er for alle som gjer ein frivillig innsats i samfunnet vårt, både i regi av eit frivillig lag eller på eige initiativ. Kom gjerne fleire frå same lag. Vi serverer god mat, og treng difor påmelding, seinast måndag 8. juni til :
Nina Elisabeth Bøe - nina@brekkegarden.no
Ann-Kristin Brekke Oksavik - ann-kristin.brekke.oksavik@sande.kommune.no
Vi sjåast, og vi gler oss til denne kvelden!
Her finn du invitasjonen som også er sendt ut på e-post til lag og organisasjonar. (PDF, 156 kB)