På vei til Arskotet
Frits Longva
– Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold til fine fotturar og god gli i skiløypene. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarlige for Stikk UT!.
Her er Stikk UT! turane for vinteren i Sande (m.r.)
- Arskotet
- Gamlevegen til Drageskaret frå Gursken
- Gjerdsvika molo / fyrlykt
- Grøntua frå butikken
- Hesthamaren
- Hidsneset fyrlykt
- Kalkverket på Voksa
- Myravatnet på Kvamsøy
- Nonshornet på Kvamsøya
- Nupen frå Stadion
- Rinden - frå Skare via Sandslegene
- Sandslegene/ Legebu frå Skare
- Sandvikstranda frå Sandviksanden
- Storehornet / Sandviktua
- Vardevegen rundtur
Stikk UT!
Vinn premiar til Ski-VM
26. februar til 9.mars 2025 er det Ski-VM i Trondheim. I samband med det køyrer vi kampanjen «Stikk UT! Ski til Ski-VM i Trondheim» der deltakarane som registrerer minst 10 skiturar innan 1. februar kan vinne billettar til VM. I starten på februar blir tre vinnarar trekt ut og får to billettar kvar til Ski-VM.
– Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets. I årets vintersesong kan ein velge mellom 154 flotte ski-turmål, der dei fleste har oppkøyrde spor til postane rundt om i skiløypene. Nokre skiturar går delvis og utanfor løypenett, og eignar seg betre for fjellski eller randonee-ski.
Feiring av Friluftslivets år 2025
Friluftsråda inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgande veke. Ta gjerne turen til ein gapahuk til fots eller på ski og tenn bål saman med turvener i veke 3. Mange Stikk UT!-turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der ein kan fyre opp bål.
– Hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt, og det er koseleg å sitje saman med turvenner å nyte bålet og vinterlandskapet. Men ta omsyn til naturen og etterlat den like fin som før, seier Ellingsæter.
Nytt!
Registrering av Stikk UT!-turmål har tidlegare vore mogleg både på stikkut.no og i Stikk UT!-appen. I sommarsesongen vart moglegheita til å registrere på stikkut.no tatt vekk.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå deltakarar som har sakna dette og vi har lytta til dei. Derfor vil vi i løpet av vintersesongen gjeninnføre moglegheita til å registrere turane på stikkut.no også – i tillegg til Stikk UT!-appen.
Turtips for turer på vinterstid
Forsking viser at vi sitt for mykje og at dagleg aktivitet er livsviktig, bokstaveleg talt. Bruk Stikk UT!-turloggen, sett deg dine eigne mål for vinterens aktivitet.
– Å komme seg ut er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og komme seg ut døra. For kvart steg vil kropp og sjel merke ein positiv effekt, seier Ellingsæter.
Skitur med bål
Stikk UT!
Stor innsats frå frivillige
Mange engasjerte frivillige har gjort en imponerende innsats for å sikre at du kan nyte flotte turer. De har satt opp Stikk UT!-skilt, festet kodeklistremerker og skrevet turbeskrivelser.
– Løypemannskap køyrer opp skiløyper gjennom heile sesongen. Gi dei gjerne «ein tommel opp» når du møter dei, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets!
Stikk UT! Vinter varer heilt fram til 22. april 2025. Friluftsråda og skikrinsen ønsker alle god tur!
Stikk UT! Vinter. Fv. Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Stig Aambø i Møre og Romsdal
Stikk UT!
Fakta om Stikk UT! Vinter:
Stikk UT! er gratis og ope for alle! Stikk UT! Vinter består av skiturar og fotturar og er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, hovedsponsor Sparebanken Møre, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunane og mange dyktige frivillege. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Målet vårt er å auke aktiviteten og deltaking i friluftsliv i vinterhalvåret. Dei fleste Stikk UT! Ski-turmåla går i løypenett. Informasjon om når skiløypene er trakka ser ein i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert. Turmåla registrerer ein i Stikk UT! appen og på stikkut.no (kjem seinare i sesongen).