Varsling 24 for varsling av hustandar og bedrifter

Varsling 24 for varsling av hustandar og bedrifter

Varsling 24 - Klikk for stort bileteVarsling 24

 

Sande kommune brukar Varsling 24 for husstandar og bedrifter i kommunen for varsling om hendingar via SMS og e-post https://varsling24.no/kundeinfo . Denne varslinga vert i dag spesielt nytta innanfor beredskap, kommunale vass-,  avløp- og veghendingar.

Varsling 24 nyttar ulike register for å identifisere og innhente kontaktinformasjon for innbyggarar i ein husstand og kontaktpersonar i ei bedrift.

Privatpersonar: Opplysning kan hentast frå Folkeregisteret til Skattedirektoratet. Kontaktinformasjon blir henta frå det nasjonale Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og e-postadresse i dette kontaktregisteret https://www.norge.no/nb/digital-borger/oppdater-kontaktinformasjon

Bedrifter: Informasjon om bedrifter hentast frå Enhetsregisteret i Brønnøysund. Ved varsling av bedrifter brukar ein bedriftene si forretningsadresse. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå varslingsadressene som bedriftene sjølv oppgjev i Altinn-portalen https://www.altinn.no/ .

Tilleggsregisteret: Tilleggsregister kan brukast av både privatpersonar og bedrifter som ønsker å motta varsel på ei anna adresse enn den adressa som er oppført i dei offenlege registra https://varslemeg.no/

Har du ikkje vorte varsla ?

Vi sender varsling til innbyggarar som er registrert med bustadsadresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysningar frå Kontaktregisteret.

Er mitt mobilnummer registrert?

Sjekk at din informasjon er korrekt i registra:

  1. Er du folkeregistrert på di adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
  2. Har du oppdatert din kontaktinformasjon? https://www.norge.no/nb/digital-borger/oppdater-kontaktinformasjon

 

Bedrifter må sjekke at informasjonen er korrekt i registra:

  1. Einingsregisteret: Bruk evt. samordna registermelding for å endre adresseinformasjon https://www.brreg.no/bedrift/samordnet-registermelding/
  2. Sjå informasjon etter innlogging på AltInn portalen: https://www.altinn.no/

 

Kva kan du gjere?

Har du feil opplysningar er det ditt ansvar å oppdatere registra. Varsling 24 har ingen tilgang til å gjere oppdateringar på vegne av privatperson eller bedrifter.

 

Eg har hemmeleg nummer. Vert eg varsla?

Varsling 24 sender ikkje melding til innbyggarar som har såkalla «hemmeleg nummer». Hvis du likevel ønskjer å få varsel frå kommunen din, må du registrere ei tilleggsoppføring på varslemeg.no . Her kan du krysse av for "hemmeleg nummer" for å skjule informasjon frå varslingsloggen i Varsling 24.