"Valdag" i Haugelia barnehage
Valdagen vart også markert i Haugelia barnehage! Dei eldste barna har denne veka snakka om kva eit val er, kven som er statsminister, og kva rolle kongen har. Det har vore spennande og lærerikt å få vite litt om korleis demokratiet fungerer.
Haugelia barnehage
Etter lunsj fekk alle barna vere med på sitt eige val. Dei kunne stemme på kva aktivitet dei ville gjere: teikne med krit på ark eller male med vatn. Eit stort fleirtal valde å male med vatn – ein herleg og kreativ aktivitet som passa perfekt i det varme vêret.
Barna fekk oppleve korleis det er å ta eit val, og korleis fleirtalet bestemmer. Ein fin og engasjerande måte å lære om demokrati på – heilt på barna sine premissar.
Publisert 09.09.2025 11:08
Sist endra 09.09.2025 11:36