Vaksenvaksinasjon hausten 2026

Vaksenvaksinasjon hausten 2026

10. og 11. november vert det vaksinasjon mot influensa, korona og pneumokokk ved Øya på Sandetun. Vaksinene er innlemma i eit nasjonalt vaksineprogram, oppretta av FHI. Målet med vaksenvaksinasjonsprogrammet er å forebygge alvorleg sjukdom, sjukefråvær og dødsfall. 

Det er ingen påmelding, alle som er i målgruppa og risikogrupper kan møte.

Vaksinering i dei ulike bygdene

Merk at i år vert all vaksinasjon på Øya v/Sandetun. Sjå tabell nedanfor når det gjeld dato og tidspunkt for dei ulike bygdene.

Vaksenvaksinering haust 2026
BygdDato Tid
Gursken v/Øya10. november13.00–14.30
Gjerdsvika v/Øya10. november14.30–15.30
Kvamsøy og Sandsøy v/ Øya11. november13.30–14.30
Larsnes v/ Øya11. november14.30–15.45

Prisar

Prisar vaksenvaksinering h26
Type vaksineEnkeltdoseFleire vaksiner (2 eller 3 same dag)
Influensavaksine300 kr300 kr
Koronavaksine *110 kr85 kr
Pneumokokkvaksine i vaksenvaksinasjonsprogrammet (for dei som er født i 1960 og 1961 ) *110 kr85 kr
Pneumokokkvaksine (utanom vaksenvaksinasjonsprogrammet)800 kr800 kr

*Prisane vert noko lavare ved samvaksinasjon, dette gjeld for koronavaksine og pneumokokkvaksine for dei som er født i 1960 og 1961. Vi fyl FHI sine veiledande prisar når det gjeld vaksinasjon.

*Merk at dei som er født i 1960 og 1961 får tilbod om pneumokokkvaksine til ein redusert pris, dette som følge av FHI sitt vaksenvaksinasjonsprogram. 

 

Kven bør ta vaksine? 

Kven bør ta influensavaksine?
Kven bør ta koronavaksine?
Kven bør ta pneumokokkvaksine?

 

Parkering

Ein kan parkere i området rundt Sandtetun, Haugetun og ved biblioteket/Nyglå. 

Vaksine - Klikk for stort bilete i-stock, Jacob Wakerhausen