Haugsholmen
Kulturminneplan Sande kommune
Midlane blir retta mot prosjekt som støttar éin eller fleire bevaringsstrategiar
Dei tematiske bevaringsstrategiane er regjeringa sitt verkemiddel for at vi saman skal nå dei nasjonale måla om meir engasjement, berekraft og mangfald i arbeidet med kulturarven.
Kva slags prosjekt kan få støtte?
Du kan søkje om tilskot til prosjekt som:
- bidreg til utvikling av næring, stad og lokalsamfunn
- gir ny kunnskap og kompetanse om bruk og bevaring av kulturmiljø
- handlar om formidling, tilrettelegging, kompetansebygging eller nettverksarbeid som fremjar berekraftig bruk og bevaring av kulturmiljø
Prioriterte område i 2026
I denne utlysinga vil Riksantikvaren prioritere prosjekt som støttar bevaringsstrategiane for landbruket og kysten. Desse strategiane skal bidra til å ta vare på dei mest utsette kulturminna og miljøa, og bruke kulturarven som ein ressurs for å møte framtidige utfordringar.
Søknadsfrist og innsending
Fristen for å søkje tilskot er 1. november 2025.
Søknaden skal sendast på fastsett skjema til:
- E-post: postmottak@ra.no
- Postadresse: Riksantikvaren, Postboks 1483 Vika, 0116 Oslo
Les meir og send din søknad til Riksantikvaren
Reglar og krav
Forskrifta for tilskotsordninga gir informasjon om:
- kven som kan få tilskot
- kva du kan få tilskot til
- kor mykje du kan få
- krav til søknad og rapportering
Du finn forskrifta her: Forskrift om tilskot til verdiskaping på kulturmiljøområdet – Lovdata
Les meir om tilskot tilverdiskapingsarbeid på kulturmiljøområdet her
Julieboda
Kulturminneplan Sande kommune