Utgreiing av framtidig oppvekststruktur – informasjon om prosessen vidare

Utgreiing av framtidig oppvekststruktur – informasjon om prosessen vidare

Sande kommune får mange spørsmål om innhaldet i rapporten som Telemarksforsking har utarbeidd. Kommunedirektøren vil difor forklare litt nærare om vidare prosess. Sande kommune har motteke rapporten frå Telemarksforsking om framtidig oppvekststruktur i kommunen. 

Skuleelevar skriv på ark - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Rapporten er laga etter bestilling frå kommunestyret, og innhaldet i denne skal presenterast både for kommunestyret og innbyggarane på folkemøtet på Breidablikk den 10. februar.

Rapporten er eit fagleg grunnlag – ikkje eit vedtak

Utgreiinga frå Telemarksforsking er eit fagleg dokument som skal gi kommunen eit kunnskapsgrunnlag for vidare vurderingar. Rapporten inneheld ulike analysar og forslag, men representerer ikkje avgjorte vedtak om endringar i barnehage- og skulestrukturen.

Kommunedirektøren og administrasjonen har førebels ikkje starta arbeidet med ei administrativ sak, som oppfølging av kunnskapsgrunnlaget. Dette arbeidet tek til etter at rapporten er presentert for kommunestyret og på folkemøtet.

Folkemøte 10. februar

På folkemøtet vil Telemarksforsking presentere rapporten og svare på spørsmål frå publikum. Spørsmål som gjeld metode, datagrunnlag, vurderingar og tilrådingar i rapporten må Telemarksforsking svare på. Sande kommune kan ikkje svare på spørsmål på vegne av Telemarksforsking. Innbyggarar er velkomne til å stille spørsmål og bidra med sine perspektiv. 

Kva skjer vidare?

Etter folkemøtet vil administrasjonen starte arbeidet med ei eiga politisk sak som skal:

  • vurdere alternativ ut i frå kartlegging, kunnskap og innspel, og kome med ei tilråding til struktur for oppvekstsektoren
  • legge opp høyringsrunde der mellom anna foreldre, tilsette, FAU, SU og andre berørte får høve til å uttale seg
  • vurdere innspel av høyringsrunden, og førebu ei sluttsak til politisk handsaming og avgjersle.