Uteaktivitet er bra for heile kroppen

Uteaktivitet er bra for heile kroppen

Sande kommune  Det er viktig å få nok frisk luft og litt aktivitet inn i kvardagen, både for store og små, seier Kristina Meinseth ved Sande fysioterapi.

Ut for å få frisk luft og aktivitet 

No når både barnehagar, skular og fritidsaktivitetar er stengde er det likevel viktig at barna får vere i aktivitet. Då er det gjerne ute det er lettast å vere fysisk aktiv og samstundes godt å få puste inn frisk luft. Sande fysioterapi tilrår alle barn å vere fysisk aktive minst 1 time kvar dag. Gjerne vere ute minst ein gong kvar dag.

Barna har sikkert fått litt opplegg frå skulane sine, men det kan vere greit for foreldre å få litt idear frå fysioterapeuten også - her er enkle tips: 

Leik er viktig

Det er i leiken barn blir mest engasjerte og aktive, så prøv å finn på leikprega aktivitetar enten i hagen, i fjøra eller i skogen. Då vert all slags inneaktivitet etterpå kjekkare også!  Prøv å halde måltidsrytmene til barna. Gjerne grove korn og brødprodukt, variere med fisk, kylling og kjøt til middag, samt oppkutta grønsaker og frukt kvar dag. Å lage smoothie er ein sikker vinnar både for barnehageborn og skuleborn!

Hugs på å følgje dei nasjonale retningslinjene for smittevern med god handvask og avstand!

Tips for barnehagebarn:

Ute: Sykkeltur til stranda med spade og bøtte, hinderløype på stranda eller i skogen, leite etter makkar og små dyr i hagen, rulle framover og sidelengs på marka, finne ei «bru» og leike «bukkene bruse», klatre, sile, sykle, reie, gå ein tur i ulendt terreng

Inne: Gøyme og leite, dansestoppleiken: når musikken stoppar står du heilt i ro, «bli med dansen» på skjerm og herme etter, hoppe i mjuk seng, sangleikar med bevegelse: «hovud-skulder- kne og tå», «med krøllet hale», «ro, ro, ro din båt», flyge på foreldra sine bein, lage hengekøye med eit sengetrekk

Fantorangen dans og song

Blime - dansen 2019

 

Kva er kjekt for skuleborn?

Ute: Lage lavvo/hytte av greiner i skogen, klatre i tre, sykle til fjøra og leite etter krabber, lage hinderløyper av steinar og det du finn på stranda, plukke søppel i fjøra, fotballtennis, stafett med handball eller fotball, spele kubb med vedkubbar, fylle ballongar med vatn og kaste til kvarandre – gris, leiken «gi eit lite vink», triatlon: sykle – jogge - «gå trillebår», hoppe paradis og strikk, lage hinderløype i hagen/parkeringsplassen der ein ikkje får trakke på bakken som er lava, korte fjellturar som borna mestrar, stafett med handball eller fotball

Inne: Trening på matte: 10 sit-ups, 10 spensthopp, 10 armhevingar, 10 knebøy, turne på matte: rulle, stå i bru, slå hjul, stå på henda/hovud inn til ein vegg, planken, trappehopp, dansestoppleiken, «limbo»

 

Eller skal vi gjere nokre «mesternes mester» - øvelsar for barn?

Mesternes mester for barn ?

Dette kan også vere kjekt, Kamilla`s Yoga:
Yoga 5-8 år:

 

Eller kva trur du om dette?

Dorullutfordring:

Turbingo frå turistforeininga