Amanda Ramstad/Sande kommune
Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag som markerast for å fremme bevisstgjering om psykisk helse. Den offesielle dagen for markeringa er 10. oktober, men ettersom det var i helga måtte skulane markere på etterskot.
– “Ung-data”-undersøkinga i Sande viser at det også her er ungdom som opplever ting som vanskeleg. Vi håpar at denne dagen kan bidra til å forebygge psykisk uhelse ved at ungdommane kan bli litt kjende med oss, og ufarleggjere det å skulle ta kontakt, forklarar Nina Larsen, leiar for psykisk helse og rus i Sande kommune.
Dette er det fjerde året skulane i Sande har markert dagen. I år var initiativtakarane for markeringa psykisk helse og rus, i samarbeid med helsestasjonen, kommunepsykolog, fysioterapeutene, ergoterapeut, kyrkjelydspedagog og frivillighetssentral.
Tillit som beredskap
Med “tillit” som tema og raud tråd, starta dagen i gymsalen med refleksjonar på kva elevane sjølve assosierte med ordet "tillit. Dette skreiv dei ned på lappar, som skal brukast for å lage eit visuelt minne frå dagen. Deretter var det eit foredrag frå kommunepsykolog Runar Andre Hovde
Amanda Ramstad/Sande kommune
– Tillit i seg sjølv er beredskap, og alle val vi tek gjennom dagen kan styrke den beredskapen. Vi har eit val om korleis vi ynskjer å møte andre menneske med både ord og kroppspråket vi brukar, og dette er med på å styrke eller svekke tilliten mellom menneske, forklarar Hovde.
Aktivitetar som bygger tillit
Resten av dagen fikk elevane bryne seg på fleire akrivitetar som skulle vise kor viktig tillit kan vere. Her blei det blant anna “Blindebukk”, der elevane stod på rekke med bind for auga og ein vaksen skulle stå i front utan bind for auga og forklare vegen for resten.
Amanda Ramstad/Sande kommune
Andre aktivitetar bestod av blant anna å bære kvarandre i kongestol, saman bygge det høgste tårnet av marshmallow og spaghetti, i tillegg til andre utfordringar med fokus på samarbeid.
Etter lunsj vart det meir fokus på å reflektere rundt psykisk helse og spesielt på tillit. Her fikk elevane forskjellige dilemma som dei skulle diskutere i grupper. For eksempel om kva dei ville gjort om dei er usikre på om nokon i klassa eigentlig har det bra.
Amanda Ramstad/Sande kommune
Bidragsytarar
Til dagen har Slettestøl laga eit tred som er utskore i kryssfinér, der elevane sine tankar rundt tillit skal hengast opp som blad på tredet. Dette vil vere ståande på skulen.
Larsnes Helselag stilte med maten for dagen, med deilige påsmurte baguettar og fersk, oppkutta frukt. I tillegg sponsa Larsnes Mek med vattenflasker til elevane.
– Vi fekk høyre frå fleire av ungdommane at dei syns det hadde vore ein kjekk og innhaldsrik dag. Det virka som at dei satt pris på at vi brukte tid saman med dei og vart veldig glade for den gode maten dei fekk, avsluttar Nina Larsen.
Stor takk til alle som bidrog til å gjere dagen vellukka, og spesielt takk til Larsnes helselag, Larsnes Mek og Slettestøl.
Amanda Ramstad/Sande kommune