Ungdomskveld for 4.–7. klasse – nytt tilbod i Sande kommune

Ungdomskveld for 4.–7. klasse – nytt tilbod i Sande kommune

Fredag 12. september gjekk startskotet for eit heilt nytt tilbod i Sande kommune: Ungdomskveld for 4.–7. klasse! Tilbodet er eit samarbeid mellom Frivillegsentralen og Larsnes Idrettslag, og første kveld vart ein stor suksess med godt over 20 deltakarar. 

Her kunne ein spele brettspel, leike i hallen, game, slappe av og kose seg. I tillegg var der kiosk med både snacks og drikke.

Kiosk ungdomskveld popcornmaskin - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik
Spel på skjerm - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik
Fotball inne i gymsal - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik

– Det var veldig kjekt å spele fotball inne!

Marie Ekroll Hjelle og Leah Slettestøl fortel at det beste med kvelden var å spele fotball inne. -Spesielt gøy var det å spele gutane mot jentene! Dei spelte, snakka, hang saman og kosa seg med godteri.

Synest de det er viktig å ha ein slik plass for ungdom?
-Ja, fordi vi har veldig få plassar der vi kan vere ilag. Vi møtest som regel i sentrum, og vi treng fleire plassar der vi kan vere. 

Ville de anbefalt ungdomsklubben til andre?
-Ja! Fordi det var gøy!

Kva håper de vi kan ha på ungdomsklubben neste gong?
-Vi likar brettspel som «Ryktet går» og «Hodeskalle».

Kjem de tilbake neste gong?
-JAAA!!!!

Marie Ekroll Hjelle, Milana Shelest, Jenny Hauge Rovde, Leah Slettestøl Ann-Kristin Brekke Oksavik

Neste ungdomskveld er fredag 26. september

Neste ungdomskveld blir fredag 26. september kl. 18.00–20.00. Alle frå 4.–7. klasse i heile Sande kommune er hjarteleg velkomne. Det er heilt gratis å vere med, og det er plass til mange fleire!

Spel ungdomskveld - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik
spel - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik
sjakk - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik

Målet med ungdomskvelden er å skape ein trygg og sosial møtestad for barn og unge. Frivillegsentralen har lenge hatt eit ønske om å få til eit slikt tilbod, og då Larsnes Idrettslag tok kontakt om samarbeid, var leiar for Frivillegsentralen, Ann-Kristin Brekke Oksavik, straks positiv til idéen.

 Kvifor meiner du det er viktig med eit slikt tilbod i Sande kommune?

– Det er viktig for dei unge å ha ein stad å kome til. Med opne dører og tilrettelagde aktivitetar kan det passe dei fleste. Alle idrettslaga og andre lag gjer ein fantastisk jobb inn mot dei unge med faste aktivitetar som fotball, turn med meir.
 

Det er utruleg mange aktivitetar i Sande. Derfor tenker eg det er viktig å ha møteplassar der det er greitt å berre kome og vere, der det ikkje alltid er så organisert. Men at det samtidig er i trygge rammer med vaksne til stades. 

Kva betyr det for Frivillegsentralen å få med lokale lag og organisasjonar?

– Det å få til samarbeid med lag og organisasjonar er kjempeviktig for oss.
Dei gjer ein enorm innsats for innbyggjarane og sit på mykje kompetanse og innsikt i den allsidige jobben dei gjer.
 

Eg tenker at med samarbeid kan vi få til så mykje meir. Det er dei same innbyggjarane vi skal nå; ofte er det dei same hjelpande hendene vi brukar, og det er så flott å få til mangfaldige tilbod.
Er det lag og organisasjonar som kjenner på at dei ønsker å få til aktivitet, men treng fleire hender – er Frivillegsentralen alltid open for det. Vi kan hjelpe med å tipse om stader å søke midlar, og kan kanskje vere med å koordinere rundt aktiviteten.

Har du ein idé, eller eit arrangement, som du vil samarbeide med Frivillegsentralen om? 

Ta gjerne kontakt – vi er alltid opne for nye initiativ!

Tips gjerne nokon du kjenner i målgruppa – kanskje de kan samkøyre og kome ilag til ungdomskvelden?