Tusen takk for innsatsenKommunekomiteen for Tv-aksjonen i Sande vil takke alle som bidrog til at Sande kommune vart den kommuna i fylket som samla inn mest pengar pr innbyggjar, heile 92,47 kr til Atlas-alliansen. Totalt i Sande har vi hittil samla inn kr 225.452,00.Det er noko lavare ein i fjor då innsamlingsaksjonen gjekk til Barnekreftforeninga, men på linje med åra før. Alle tre skulane i kommunen arrangerte skuleløp der foreldre, besteforeldre og andre sponsa elevane. Bedriftene har gitt betydelege beløp og vi har fått inn mykje på dei digitale bøssene.Her kan du sjå statistikk og oversikt over innsamla beløp i Sande. Har du ikkje fått gitt? Her finn du informasjon om korleis du kan gje pengar til Tv-aksjonen.