Trygt heim for ein 50-lapp

Trygt heim for ein 50-lapp

Sande kommune har fått tildelt midlar til ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp». Formålet med ordninga er å gi ungdom eit trygt og rimeleg transporttilbod heim frå sosiale aktivitetar på kvelds- og nattestid, når kollektiv transport ikkje er ei moglegheit.

Ordninga er eit samarbeid mellom Sande kommune og Sande Taxi.

Kven kan bruke ordninga?

Ordninga er retta mot ungdom frå 15 til 22 år.

Eigenandelen er 50 kroner per person per reise.

Kvar gjeld ordninga?

Transporttilbodet gjeld innanfor Sande kommune. Det er også mogleg å hente ungdom i nærliggande område utanfor kommunegrensa. 

På grunn av ferjeavgangane har vi dessverre ikkje kapasitet til å køyre til Sandsøy og Kvamsøy.

Korleis bruke ordninga?

Turen bestillast direkte med Sande Taxi på telefon: 4000 6362

Transporten må bestillast før klokka 21.00, men seinaste avreise frå hentestad er klokka 02.00.