Trond Torset fekk Kulturprisen i Sande 2025

Trond Torset fekk Kulturprisen i Sande 2025

Under Sandemessa søndag 23. november vart Trond Torset heidra med Kulturprisen i Sande. Ordførar Dag Vaagen stod for utdelinga, og prisen vart delt ut medan Torset sjølv stod på scena saman med koret Solblik.

Utdeling av kulturprisen 2025 - Klikk for stort bilete Elin Almestad, Sande kommune

Kulturprisnemnda peikar på at Torset har vore ein sentral kulturperson i Sande gjennom mange tiår. Han har lagt ned eit imponerande arbeid for fellesskapen – alltid med smittande entusiasme, inkluderande haldning og utan tanke på eiga vinning.

Kvifor fekk han prisen?

Trond Torset har i over 60 år vore ein drivkraft for kultur i kommunen. Nemnda løftar fram fleire grunnar til at han er ein verdig vinnar:

  • Ein leiar som tek tak for å få andre med seg
  • Ein entusiast som med smittande humør, uredd innsats og utan personleg vinning brukar tid og krefter for fellesskapen
  • Humørfylt og fordomsfri inspirasjon til alle som vil!
  • Inkluderande, patriotisk og sosial
  • Har etablert og drive kor, vore aktiv i revymiljøet, skrive songar og dikt
  • Aktiv i idrettslag i mange år med både trenar- og ulike leiarrolle
  • Har skapt interesse for musikk og kultur for barn og unge, og underheld fast for dei vaksne og eldre
  • Ein kulturpersonlegdom 

Gjennom dette omfattande engasjementet har Torset bidrege til å styrke kulturlivet i Sande på ein måte som få andre har gjort.

Ei overrasking for vinnaren

Torset vart tydeleg overraska då han mottok prisen. Frå scena oppsummerte han litt av sitt lange kulturliv før han avslutta med ei oppmoding til alle:

– Spander eit smil, så får du eitt tilbake.

Kulturprisvinnar 2025 Trond Torset - Klikk for stort bilete Elin Almestad, Sande kommune

Om Kulturprisen

Kulturprisen i Sande er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og Sande kommune. Prisen kan delast ut til einskildpersonar eller lag som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

Prisen består av 20 000 kroner, blomar og diplom. Kulturprisnemnda har tre medlemmar: to politisk valde og ein representant frå Sparebanken Møre, Larsnes.