Sande Frivillegsentral
Matkasse kan vere ei hjelpande hand for dei ikkje har det so lett i juletida. Kassene inneheld mat, juleglede og omtanke.
Alle førespurnadar om matkasse vert behandla anonymt av dagleg leiar i Sande frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, og kyrkjelydspedagog, Ingrid Brekke Ristesund.
Korleis melde behov?
Send ei tekstmelding til leiar for frivillegsentralen på +47 908 58 951, som inneheld:
- Namn og adresse til mottakar
- Antal medlem i husstanden
- Er det barn i husstanden (under 18 år) er det fint om du skriv alder og kjønn slik at vi kan tilpasse gåvene
- Allergiar/andre omsyn i forhold til mat
Det vert anonym henting med eige tidspunkt. Har du ikkje nokon måte å få henta matkassa sjølv, kjem Ann-Kristin eller Ingrid til å levere matkassa til oppgitt adresse.
Frist for å melde behov for matkasse er: Tysdag 8. desember.
Dette er for at vi skal ha nok tid til planleggingsarbeid med bestilling av matvarer, lage anonymiserte lister til matkasse-pakkarane og fordeling av gåvene som er samla inn.
Korleis vert påmeldingane anonymisert?
- Det er kun dagleg leiar i Sande frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, og kyrkjelydspedagog, Ingrid Brekke Ristesund som får vite kven som har meldt behov.
- Dei frivillige pakkarane får anonymiserte pakkelister. Dei veit ikkje noko om kven dei pakkar til, berre kva dei skal legge i kvar kasse.
- Det er berre Ann-Kristin og Ingrid som er til stades under utlevering av matkassene, dei frivillige pakkarane må reise heim.
- Du får eit eige tidspunkt å hente di matkasse, det vil difor ikkje vere andre som skal hente matkasse samtidig.
- Vi prøvar å tilretteleggje mest mogleg slik opplevelsen skal verte god for alle. Ta kontakt med Ann-Kristin på tlf +47 908 58 951, ved spørsmål.
Viktige bidragsytarar
Matkasse og juleglede-arbeidet har motteke 80.000 kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og 50.000 kroner frå Sparebanken Møre. Desse pengane har vore til stor hjelp i målet om ei betre jul for enda fleire.
Ann-Kristin Brekke Oksavik og Ingrid Brekke Ristesund – Vi er utruleg takknemlege for Sparebankstiftinga og Sparebanken Møre som gjer dette arbeidet mogleg. Gåvene frå lokalmiljøet betyr også utruleg mykje, det er ytra stor takknemlegheit over ei ekstra juleglede i matkassene, fortel Ann-Kristin Brekke Oksavik.
Ynskjer du å vippse eit beløp til dette arbeidet kan du det til vippsnr: #553299 og velg Sande frivillegsentral, det set vi utruleg stor pris på!