Torsdag 16.oktober vil det bli halde skuleløp til inntekt for TV-aksjonen

Torsdag 16.oktober vil det bli halde skuleløp til inntekt for TV-aksjonen

I morgon torsdag 16.oktober kjem alle elevane ved Gursken og Larsnes oppvekstsenter til å springe til støtte for årets TV-aksjon. 

Skuleløp - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. 

Pengane vil gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, i tillegg til hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Vi skal gje 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira, i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia, eit betre liv. 
 Rektor ved Larsnes skule Camilla Auflem Vik fortel:

-Vi ynskjer å gje elevane ei moglegheit til å hjelpe andre. Skulen vil legge til rette for barn som av ulike grunnar ikkje kan springe eller gå. Målet er at alle elevane skal inkluderast i aktiviteten. 

Marianne Solbjørg Ose, rektor ved Gursken oppvekstsenter, kan fortelje at ho synest det er viktig å støtte opp om dei som ikkje har det same utgangspunktet som oss.

Ved Gursken oppvekstsenter vil dei springe i 4. time torsdag. -Vi deler Riverplate i to og har dermed ein del til barneskulen og ein del til ungdomsskulen.

Rektor skal også springe og oppfordrar gjerne om støtte til dei rundene ho klarer.

Under finn du først Spleis i regi av Gursken oppvekstsenter, så Larsnes skule sin Spleis til TV-aksjonen 2025.

Spleis - Gursken oppvekstsenter

 

Spleis - Larsnes oppvekstsenter

 

NRK TV-aksjonen-Saman opnar vi dører. Gut med krykker - Klikk for stort bilete NRK TV-aksjonen