Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet

Tilskota skal medverke til at kulturmiljø blir brukt som ein ressurs og bidra til at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling.

Kva prosjekt kan få tilskot?

Tilskot kan bli gitt til prosjekt der offentlege og private aktørar inngår forpliktande samarbeid om formidling og tilrettelegging for berekraftig bevaring og bruk, kompetanseutvikling, nettverk og samarbeid, nærings-, steds- og lokalsamfunnsutvikling.

I 2025 vil Riksantikvaren legge vekt på prosjekt som treff satsingsområde innanfor bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø og bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø.

Kven kan søke?

Fylkeskommunar, kommunar,  Longyearbyen lokalstyre, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søke tilskot etter ordninga.

Korleis søker ein?

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren som har laga ein disposisjon for å setje opp søknad.

Søknadsfrist 2025 er 31. mars 2025.

Frist for å levere prosjektsøknader for 2025 er 1. november 2025.

Les meir om tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet