Tilbodskonkurranse - vintervedlikehald på kommunale vegar - meld deg om du er interessert

Tilbodskonkurranse - vintervedlikehald på kommunale vegar - meld deg om du er interessert

Sande kommune inviterer til open tilbodskonkurranse med forhandling for vinterdrift av kommunale vegar, gang- og sykkelvegar, parkeringsplassar og areal knytt til kommunale bygg.

Oppdraget omfattar hovudsakleg snøbrøyting og strøing.  Anskaffinga gjeld 6 område i Sande kommune. Tildeling av oppdrag blir gjort for kvart av desse områda. 

Påmelding

Påmelding til konkurranse gjer du ved å sende e-post til 

helge.kleppe@sande.kommune.no der du merkar påmeldinga med 

Sande kommune - vintervedlikehald - påmelding tilbodskonkurranse 

 

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er fredag 2.mai 2025, klokka 14.00

Utsending av tilbodsdokument frå Sande kommune skjer via e-post 2.mai  2025

Har du spørsmål - ta kontakt med Helge Kleppe

 

Utlysinga vart også gjort kjent i Vestlandsnytt 25. april 2025. 

Kontakt

Helge Kleppe
sivilingeniør
E-post
Mobil 93 28 98 94