Nødvarsel
DSB
Om testen
Det er politiet som sender ut test av nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøven den 8. januar blir gjennomført over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
Ei så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og som er kopla på 4G/ 5G kan motta testen.
Meir informasjon om kven som mottar nødvarsel.
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 8. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.
Dette skjer når nødvarsel blir testa
- Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 8. januar 2025.
- Når du mottar testen, vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.
- Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
- Varselet kan "dragast" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).
- Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - ein norsk og ein engelsk.
Slik finn du igjen eit nødvarsel
Alle nødvarsel kan også lesast på nødvarsel.no. For å finne igjen eit nødvarsel på mobiltelefonen din, kan du gjere følgjande:
iPhone: Nødvarsel legg seg i varslingssenteret, der du også kan finne igjen tidlegare mottekne nødvarsel. Trykk på varselet for å sjå varselet på norsk eller engelsk.
Les meir om korleis du viser og administrerer varslingar på iPhone (Apple brukarstøtte).
Android: Søk opp nødvarsel, vel så trådlause nødvarsel. Her vil du finne ei liste over tidlegare mottekne nødvarsel.
Kvifor blir testen gjennomført?
Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere befolkninga kjend med korleis det blir opplevd å få eit Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
Tyfonane blir testa kvart halvår, den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni. Testing av tyfonane blir gjort for å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.
Signalet som blir testa under varslingsprøvene heiter "Viktig melding – søk informasjon" og består av tre seriar med tuting med eitt minutt opphald mellom seriane. Om du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gjeven gjennom ulike media, for eksempel radio, TV, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium.
På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.