Takk for kjempeinnsats i årets TV-aksjon!

Takk for kjempeinnsats i årets TV-aksjon!

Varaordførar Einar Ekroll og ordførar Dag Vaagen er på vegne av aksjonskomiteen i Sande strålande fornøgde med gjennomføringa av årets TV-aksjon. – Vi har blitt møtt med positivitet og stort engasjement overalt i kommunen. Resultatet taler for seg: Suverent beste innsamlingsresultat målt pr innbyggar i Møre og Romsdal!

Tusen takk til alle som har bidrege i samband med årets TV-aksjon ”Saman for små heltar” i regi av Barnekreftforeininga. Takk til næringslivet, skular, barnehagar, lag og foreiningar og enkeltpersonar som på kvar sin måte har stilt opp og gitt bidrag. Vi verdset innsatsen til bøsseberarane som har gjort ein stor forskjell ved å vere tilbake i årets aksjon, seier aksjonsleiar ordførar Dag Vaagen. Bøssebararane gir tilbakemelding om at dei vart godt mottekne og innbyggarane var glad for å få besøk på døra igjen.

Fv. Marthe Longav Strandbakken, Sara Fugledal Wiik og Toril Urkedal - Klikk for stort bileteFv. Marthe Longva Strandbakken, Sara Fugledal Wiik og Toril Urkedal Silje S. Mork, Sande kommune
Mathias B. Gjerde

Dette gav eit svært godt resultat i Sande kommune. Viss ein ser på beløp per innbyggar ligg Sande kommune på første plass i fylket med 136,8 kr per innbyggar.

Du kan sjå oversikt over innsamla beløp frå Sande kommune her:

https://giverstafett.no/moreogromsdal

Innbyggarane i Sande kommune har samla inn 333.526 kroner 

Det er 25 bøsseberarar som fekk inn over 65000 kroner i kontante pengar. I tilegg kjem andre innbetalingar til bøssene som tilslutt gav kroner 118.000 i Sande. Dersom det vert innbetalt meir utover i månaden kjem dette også med.

Engasjert næringsliv og organisasjonar

Det har blitt samla inn 113.000 kroner frå næringliv, idrettslag, helselag og andre organisasjonar i Sande.

Vike-Petter løda sitt 20-års jubileum samla inn heile 25.250 kroner.

Skuleløp og andre aktivitetar ved Larsnes og Gursken oppvekstsenter

Tysdag 15.oktober heldt Larsnes skule det årlege skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen. Det var ein fantastisk innsats av elevane ved Larsnes oppvekstsenter. Dei verka topp motiverte og det var mange som ga alt dei kunne.

Skuleløp Larsnes oppvekstsenter 2024 - Klikk for stort bileteSkuleløp Larsnes oppvekstsenter Silje S. Mork

Torsdag 17. oktober vart det også arrangert eit skuleløp for heile Gursken oppvekstsenter på Riverplate stadion. Rektor Marianne Solbjørg Ose er svært imponert over innsatsen til elevane. Dei fullførte heile 2065 runder i øsande regnver. 

Skuleløp Gursken oppvekstsenter - Klikk for stort bileteSkuleløp Gursken oppvekstsenter Silje S. Mork

På barneskulen var det i tillegg kafè der foreldre, besteforeldre, tanter og onklar møtte opp. Foreldre har hjelpt med mat til kafèen der det var både rundstykker og kaker å få kjøpt. Rektor sette pris på at foreldra hadde stilt opp med mat. Dei tilsette hadde også gjort ein stor innsats for å få alt til å flyte.

Kafe - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Barnekreftforeninga skal etablere familiehus 

For pengane frå TV-aksjonen skal Barnekreftforeninga etablere familiehus i nærleiken av universitetssjukehusa i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen. Her skal born med alvorleg sjukdom og deira familie lett kunne bevega seg mellom sjukehuset og familiehuset. På den måten kan heile familien vera samla, finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.

På TV-aksjonsdagen vart det samla inn 366 millionar til å etablere familiehus.