Stikk UT!
Sparebanken Møre har også i 2025 tildelt Stikk UT! kr 500.000 til utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som har vore, er eller komande Stikk UT!-turmål. Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar og frivillege kan søke opptil kr 15.000.
Innbyggarane i Møre og Romsdal har gjennom Stikk UT! vist at dei er blant dei mest ivrige turgåarane i landet. Vår vakre og lett tilgjengelige natur er for mange førsteval når ein skal velgje seg ein fritidsaktivitet. Men terreng og klima gir også utfordringar, og meir nedbør og auka ferdsel gir slitasje på mange av stiane. Gjørmete stiar, våte myrer og vatn som tek nye vegar og skyller vekk grus har nokre stadar ført til stygge sår i naturen. Det er derfor med stor glede vi har fått oppretta eit eige fond der det skal vere lett å søke midlar til raske førstehjelpstiltak på stiar med stor slitasje.
Døme på enkle tiltak. Frå venstre: enkel klopp, kavlesti ved bruk av rundstokkar frå nærliggande skog, bruk av fliskuttar frå nærliggende skog, enkel kloppebru.
Stikk UT!
Vilkår
Stikk UT! Stifondet har ei ramme på kr 500.000 som i utgangspunktet fordelast likt på dei to friluftsråda.
Tiltak som raskt kan komme i gang og gjennomførast vil bli prioritert. Vi ønsker bærekraftige løysigar som gir minst mulig inngrep i naturen. Erfaringsutveksling og dokumentasjon på arbeidet som blir gjort er viktig, og her kan friluftsråda gjerne brukast som konsulentar.
Søknadene blir prioritert etter stien si slitasjegrad og bruk (antall besøkande på stien). I tillegg tek vi omsyn til geografisk spreiing.
Grunneigar og kommune må vere kontakta og informert om søknaden. Søkar må avklare med kommunen om tiltaket er så stort at det krev behandling etter plan- og byggelova. Her må også omsyn til sårbar natur takast i betraktning.
Kven kan søke?
Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar, frivillege knytt til Stikk UT!-gruppa og Stikk UT!-kontakten i kommunen kan søke.
Midlane kan gå til:
- Enkel klopping, grusing og steinsetting
- Omlegging av sti for å unngå våte parti (t.d. skilte og rydde skog til ny trase)
- Bruk/leige av utstyr
Korleis søke?
Via søknadsskjema på stikkut.no (link)
Skjema kan sendast inn fortløpande gjennom året så langt midlane rekk.
Søknaden må innehalde:
- Bilde av staden som skal utbetrast
- Skildring av tiltaket (Bærekraftige løysingar vil bli prioritert)
- Henvisning til staden som skal utbetrast (eks link frå morotur.no eller skjermbilde av kartposisjon)
- Enkelt budsjett
- Framdriftsplan
Vilkår for utbetaling
Når søker oppfyller vilkåra i søknaden, vil omsøkt sum bli utbetalt utifrå stifondet sitt budsjett.
Tiltaket må gjennomførast for at ein skal behalde midlane, og dersom tiltaket ikkje blir gjennomført kan tildelt sum krevjast tilbake til stifondet.
Søkar melder inn at arbeidet er utført saman med bilde av ferdig resultat. (Bilder må vere godkjent til videre bruk, og friluftsråda kan bruke dei som gode døme til andre.)
Synleggjering
Vi ønsker at dei som mottek midlar frå Stikk UT!-stifondet synliggjer dette i media, informasjonsdokument, årsrapport og liknande.
Ressursar:
Merkehåndboka
Tursti-avtale (grunneigaravtalar)
Sti-skolen (Miljødirektoratet)
Film: Merking og tilrettelegging av stier (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal)
https://youtu.be/GimoLSTtlqg?t=8
Stikk UT!