Stikk UT! inviterer til ekstra aktivitet i friluftslivets veke

Stikk UT! inviterer til ekstra aktivitet i friluftslivets veke

5. – 13. september er friluftslivets veke, og Sunnmøre friluftsråd feirar den store turgleda i regionen med “Stikk UT! Festival”. I ei tid der Norge er i sorg, inviterer Stikk UT! til noko så enkelt som å gå nokre ekstra turar – gjerne saman med nokon.

Friluftslivets veke blir ei spesiell veke denne gongen. Norge er i landesorg etter at kong Harald V gjekk bort, og midt under festivalen skal vi ta farvel med ein konge som gjennom heile livet hadde eit nært forhold til norsk natur og friluftsliv.

– Dette blir ei annleis veke. Samtidig trur eg mange av oss kjenner på behovet for å komme oss ut, få litt frisk luft og vere saman med andre. Ein tur kan hjelpe og kan gi eit lite pusterom. Kanskje er det nettopp no vi treng kvarandre og naturen litt ekstra, seier Hilde Ellingsæter, prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre friluftsråd.

Personar og ein hund på fjelltur. Teksta "Stikk UT! Festival" - Klikk for stort bilete Stikk UT!

Utfordrar til ekstra aktivitet

Stikk UT! Festivalen handlar ikkje om prestasjon, men om å finne gleda i å vere ute. Gjennom friluftslivets veke blir alle, uansett alder og form, invitert til å bruke naturen som møteplass og legge inn litt ekstra aktivitet.

Alle som melder seg på Stikk UTFORDRINGAR, og går minimum 10 Stikk UT!-turar under den ni dagar lange Stikk UT!-festivalen, er også med i trekking av fine friluftspremiar. 

– Gå inn i Stikk UT!-appen og finn ei «utfordring» nær deg og meld deg på. I Stikk UT! er det både lange og korte turar, finn ein tur som passar deg. Og inviter gjerne med ein ven, seier Ellingsæter.

Les meir på stikkut.no