Stikk UT! Festival med teltjakt

Stikk UT! Festival med teltjakt

5.–14.september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt.

StikkUT! Festival 2025 - Klikk for stort bilete StikkUT!

Denne veka oppfordrar dei alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 620 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur!

Teltjakt

Alle som registrerer Stikk UT!-tur denne veka er med i trekking av mange flotte premiar,

Kvar tur tel som eit lodd, dess fleire turar desse større vinnarsjanse!

Hovudpremien er eit 2-mannstelt frå Fjällräven (frå Norsk Friluftsliv og Møre og Romsdal fylkeskommune). Intersport stiller også med mange flotte premiar nasjonalt, og det blir også turhelsing frå dei i appen gjennom veka.

 

På vei til Gjøna utsikt frå fjell - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Kåring av finaste Stikk UT!-tur

I løpet av festivalveka kan ein også melde inn kva ein synest er den finaste Stikk UT!-turen i si heimkommune. Også her vert det trekt premiar blant dei som sender inn.

  – Kva er din favoritt-tur? spør Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd?

Friluftsråda vil trekke ut premiar blant alle som nominerer, og når finaste turane i kvar kommune er kåra, vil dette bli synleggjort i media.

Følg denne lenka for å stemme på din favoritt: Stem fram din Stikk UT-favoritt i Sande!

Årets Stikk UT!-turar i Sande

Gjøna fjelltopp Sande - Klikk for stort bileteGjøna Silje S. Mork

Det er 19 Stikk Ut!- turar i Sande i sommarsesongen.  Turane er delt inn i fargar etter vanskegrad. Grøn tur passar for dei fleste. Dette er korte turar med moderat stigning. Blå tur er for dei med litt turerfaring. Desse kan ha meir krevjande parti enn grøne turar. 


93. Aurvollegga
94. Drageskaret, Gamlevegen frå Gursken
95. Gapahuken Tverliskaret/Rotemyrane i Gjerdsvika
96. Gjerdsvika molo / fyrlykt
97. Gjøna, Nipa frå Haugsbygda
98. Grøntua frå butikken
99. Hesthamaren
100. Hidsneset fyrlykt
101. Kalkverket på Voksa
102. Kyrkjehornet rundtur
103. Moloen ved Haugsbygda hamn (ny)
104. Myravatnet på Kvamsøy
105. Nonshornet på Kvamsøy
106. Rinden – ein rundtur via Sandslegene
107. Sandslegene/Legebu frå Skare
108. Skaret i Ristesund (ny)
109. Skrede frå Oksavika
110. Strutsely gapahuk i Gjerdsvika
111. Svedehornet

Stikk UT! Bedrift

Som ein del av markeringa av friluftslivets veke inviterer vi alle Stikk UT!-bedrifter til å stikke ut i lunsjen. Her er det også egne premier til de mest aktive bedriftene (per tilsett).

 Sett deg gjerne dine egne mål. Klarer du for eksempel å gå sju turer på 24 timer?

Då er det berre å knyte turskoa og kome seg ut på tur i den vakre årstida. God tur!