Statusen for ombygging av Sandetun

Statusen for ombygging av Sandetun

Arbeidet med ombygging og påbygg ved Sandetun omsorgssenter tek ytterlegare form. Fram mot jul vil vi vere ferdig med alle deleveggar og det meste av tekniske installasjonar i 2.etasje.

I denne etasjen vil målar starte opp arbeidet 06.01.25. I ny 3.etasje har vi starta med oppsetting av deleveggar, og teknisk rom er ferdig bygningsmessig, og  tekniske installasjonar har delvis kome på plass i dette rommet. Over nyttår startar tekniske fag for fullt med installasjonane i 3.etasje. På den utvendige fasada står det igjen montering av fasadeplater som startar opp over nyttår. Det same gjeld ytterlegare solcelleinstallasjon på nytt tak. På denne delen er det gjeve 50% tilskot  frå Husbanken. Montering av ny heis vert starta opp januar 2025.

Nytt sjukesignalanlegg og velferdsteknologi i eksisterande bygg er også i sluttfasen. Dette blir truleg sett i drift i mars 2025. Dette er spanande og vil verte ein ny kvardag for dei tilsette ved omsorgssenteret.

3. etasje - Klikk for stort bilete3. etasje Sande kommune

Kontakt

Kjell Hauge
ingeniør
E-post
Mobil 99 57 97 16