Sporadisk vassavstenging på Kvamsøya

Sporadisk vassavstenging på Kvamsøya

Sande kommune vil sporadisk stenge av vatnet på Kvamsøya på grunn av arbeid med å lokalisere ei vasslekasje. Det er ikkje sikkert kor lenge arbeidet vil vare, stengingane vil skje sone for sone.

Eit unormalt høgt vassforbruk på Kvamsøya tyder på ei større vasslekasje. I dag vil kommunen stenge av vatnet på Kvamsøya, sone for sone, for å lokalisere kvar vasslekasjen befinn seg.

Det vart tidlegare funne ei vasslekasje i samband med dette arbeidet, men eit framleis høgt vassforbruk tyder på at det er ei lekasje som ikkje er funne enda.

Arbeidet vil pågå fram til ein forhåpentlegvis kan finne både lekasjen og årsaka.

Norgeskart