Sommarfest med song, gåver og glede i Hauemarkja barnehage

Sommarfest med song, gåver og glede i Hauemarkja barnehage

Hauemarkja barnehage feira sommar med ein flott fest der både born, foreldre og tilsette song Hauemarkjasongen saman med Trond på gitar. 

Blomster og flagg Hauemarkja barnehage - Klikk for stort bilete Hauemarkja barnehage

Foreldra stilte med mat, og FAU overraska med gåver – blant anna ein nesten komplett Snakkepakke, finansiert med støtte frå Sparebanken Møre og eigne innsamla midlar.

I tillegg får barnehagen nytt rasteplassbord frå Helselaget og heile 25.000 kroner i spons frå Larsnes Mek til nye syklar og leiker.

– Vi er rørte og takksame for all støtte og innsats, seier dei tilsette.

Teikningar - Klikk for stort bilete Hauemarkja barnehage
Hauemarkja barnehage
Snakkepakke - Klikk for stort bilete Hauemarkja barnehage