Sommarcamp for barn og unge i Sande

Sommarcamp for barn og unge i Sande

Velkomen til sommarcamp – ei kjekk og innhaldsrik veke for barn og unge i Sande. 
Her legg vi til rette for aktivitet, meistring, nye vennskap og gode opplevingar i trygge rammer. Datoar for sommarcampen er måndag 22. til fredag 26. juni. 

iStock-852075928 iStock-852075928

Er du fødd i 2013 eller før og kan tenkje deg å vere ein del av crewet?

Om du er fødd i 2013 eller før, kan du velje om du ynskjer å melde deg på som deltakar, eller som hjelpar og ein del av crewet som arrangerer sommarcamp. Som hjelparar vil de få arbeidsoppgåver i samband med aktivitetane. Meir informasjon om dette blir sendt ut etter påmelding. 



Kva skjer på sommarcampen? 

Gjennom veka får deltakarane vere med på varierte aktivitetar både ute og inne. Vi legg vekt på leik, kreativitet og fellesskap. 

Nøyaktig program vil bli utarbeidd etter at vi veit kor mange som melder seg på, men aktivitetar vi tenkjer oss er blant anna:

  • Leiraktivitetar i Larsnes-skogen. Vi set opp lavvo, bygg eigen gapahuk, lage mat på bål, raudt lys og andre kjekke uteaktivitetar knytt til denne dagen
  • Vere vertar på naturmøteplassen i Vardely 
  • Sykkeltur til Sandsøya - om nokon ikkje har sykkel ordna vi transport
  • Tur til Eventyrstien i Gursken
  • Turneringar
  • VM-fest med ulike aktivitetar, leik og moro
  • Strandaktivitetar
  • Hobbyverkstad

 

Praktisk informasjon

Kontaktpersonar: 

Sande frivilligsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik: 908 58 951

Sande kulturskule, Susann Worren Hauge: 916 43 676

Sande kyrkjelege fellesråd, Ingrid Brekke Ristesund: 926 64 808 

Sommarcampen er gratis

Vi har vore heldige å fått TEFT-midlar frå Sparebanken Møre, som gjer det mogleg å servere mat under campveka.

Målgruppe: 

Born og ungdom fødde 2016 eller før. Dei som er fødde 2013 eller før kan melde seg på som hjelparar/arrangør - ta kontakt med Susann, Ingrid eller Ann-Kristin. 

Påmelding er bindande

Dette for at vi skal kunne planlegge dagane best mogleg, og for innkjøp av mat.

Klede

Deltakarane må ha klede etter veret og gjerne skifteklede med i ein liten sekk.

Mobilhotell

Vi kjem til å ha mobilhotell. De kan ta kontakt med arrangørane viss det er behov for å nå ein deltakar. 

Påmelding på dette skjemaet så snart som råd.

Bli med då vel!