Snart klart for Sommarles.no!

Snart klart for Sommarles.no!

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Sande vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.

illustrasjon Sommarles - Klikk for stort bilete Illustrasjon Sommarles

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

- Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

Kontaktperson: Tim Bock på Sande bibliotek