Skuletur med musikalske og historiske innslag

Skuletur med musikalske og historiske innslag

Skuleturen for 8-10. klasse var onsdag 5.juni denne veka. Elevane fekk gjennom turen som gjekk til Hellaren og turen til Oksavika, verdifulle historiske innblikk.

Skuleturen starta på Almestad der elevane og ordførar Dag Vaagen gjekk opp til Hellaren med elevane. Ved Hellaren spelte Susann Worren  saksofon som elevane høyrde då dei kom gåande opp gjennom skogen. Ein fin velkomst.

Ved Hellaren fekk elevane sjå ei framføring av segna om Svartedauden framført av Susann Worren , Olav Myklebust og Nina Bøe. Desse tre hadde gått opp litt før elevane, slik dei var klar oppe ved Hellaren. Der dei hadde «rigga» seg og kledd seg ut. Susann var jenta som familen hadde sendt dit opp for at ho skulle overleve pesten, og Nina Bøe spelte “Pesta”. Olav  var i rolla som roaren som kom inn i  fjorden og då såg at der var liv oppi fjellet og i tillegg var han forteljar.

Frå inngangen til «Hellaren» der det viste seg å vere overlevande etter Svartedauden inne under Hellaren. Stor dramatikk når Pesta (Nina Bøe) stakk ut sopelimen. Olav Myklebust, ståande på steinen, bidrog som teateraktør og forteljar. - Klikk for stort bilete Dag Vaagen, Sande kommune

“Pesta” i si rolle spelte på overtrua som fanst under Svartedauden: Dersom ho hadde med seg  sopelim var det ingen som overlevde. Derimot viss “Pesta” hadde med seg ei rive så var det ein sjanse for å overleve. Olav, i forteljarrolla,  fortalde om Svartedauden, og historia om den unge mannen som kom roande forbi Stadt og fann jenta ved Hellaren. I denne segna blei roaren verande og han stifta familie som i følgje segna blei forfedrene til folk i Gursken.

På denne måten vart stoppet Hellaren ei oppleving der elevane fekk innsyn i korleis livet kunne vere under Svartedauden.

Turen heldt fram gjennom Skaret på det dei kalla Kyrkjevegen. På toppen stoppa dei og tok matpause. Olav Myklebust fortalde då meir om Kyrkjevegen og korleis dei i gamle dager rodde til kyrkje. Vidare fortalte han om konfirmasjonen då det skjedde at konfirmantane som ikkje gav rette svar, måtte vente med å konfirmere seg til dei kunne svare rett. Viss dei svara feil kunne det då gå eit heilt år før dei fekk konfirmere seg. Under opphaldet på toppen kom igjen saksofonen til Susanne Worren fram og skapte fin stemning.

Fin utsikt i matpausa - Klikk for stort bileteFlott utsikt i matpausa Dag Vaagen, Sande kommune

Så gjekk turen til Oksavika og nokre spreke ungdommar gjekk også til radiostasjonen Frey. Historia til Frey II blei illustrert gjennom ei historisk tekst som Olav Myklebust framførte.  Vidare vart det fortalt om bakgrunnen for Frey  og om agentane Ole og Tore Snefjellå som budde der oppe med god utsikten over fjorden. Dramatikken rundt rassiaen der tyskarane kom og tok med seg karane på garden i Oksavika, var også eit sentralt tema i det som vart formidla til elevane.

I Oksavika vart også monologen til Anna framført for elevane av skodespelarutdanna Nina Bøe. Ho seier at målet med monologen var å sjå hendinga frå kvinnene si side, derfor var det viktig å ta utgangspunkt i Anna Oksavik , (gift med Amund Oksavik), si oppleving sidan ho ikkje kom til orde i boka “Høgt spel i Oksavika”. Bøe fortel vidare at ho bygde opp monologen delvis gjennom det Else har fortalt om tanta si og delvis gjennom det som kjem fram i boka. For Bøe var det viktig at monologen både skildra kva som skjedde den dagen tyskarane kom og det varme forholdet mellom brørne Tore og Ole Snefjellå og folket i Oksavika. 

I ettertid snakka desse to brørne mykje om varmen dei vart møtte med av familiane der. Tanken bak monologen var å få fram kva Anna kunne ha sagt, fortel skodespelar Nina Bøe.

I Oksavika fortalde Guttorm Oksavik litt om det som hende der til elevane.

Guttorm Oksavik, Nina Bøe og Susann Worren - Klikk for stort bileteGuttorm Oksavik, Nina Bøe og Susann Worren SIlje S. Mork, Sande kommune

Vidare sa han at det var det dåverande kulturstyret som engasjerte Bjarne Rabben til å skrive boka “Høgt spel i Oksavika”. Faren Kjartan Oksavik og dei andre som fortalde til Rabben, fann ut at det var tid for å lette på sløret fordi dei tenkte at det var viktig å fortelje det vidare.

Seinare kom det fram fram i skildringa agenten Ole Snefjellå gav (til Rabben) at viljen til å hjelpe dei var stor sjølv om det innebar risiko. Ved skildring av avreisa gav han æra til folket i Oksavika som av “kjærlighet til fedrelandet satset alt, hus og heim og sitt eget liv" for å hjelpe agentane å drive stasjonen Frey II. Gestapo sin rassia der rundt hundre mann deltok, 1.februar 1945, seier noko om kva familiane, både til hjelpesmannen, Elias og broren Amund risikerte. Mennene i desse to familiane blei arresterte og torturerte, og seinare sendt til fangeleir, og familiane vart drevne frå garden. For mennene som blei arresterte var det viktig å ikkje røpe noko, Kjartan Oksavik uttrykte at “fridom må kome innanfrå”. Det var nok slike haldningar som hjelpte mennene å halde tett. Livet til dei arresterte mennene blei redda av at freden kom “før nakkeskota”.

I ei tid der krig igjen aktualiserer kor viktig det er at folket engasjerer seg for fridomen også i dag, er fokus på kva vanlige folk kan gjere for fridomen,  sentralt no også. Dette blei også påpeika av agenten Ole Snefjellå i intervju i 1977. Der han var opptatt av at kystbefolkningen i større grad bør brukes for å observere, då han såg "Hva mennesker kan se og høre" som viktig for forsvaret av Norge.  Dette kan igjen bli et tema i ei usikker tid.

Oksavika Silje S. Mork, Sande Kommune

For elevane som var i Oksavika 5.juni, var skildringa av den dramatiske rassiaen 1. februar 1945 levandegjort både gjennom monologen til Anna Oksavik, av Nina Bøe, og dei andre som fortalde om hendinga, Frei II og folket i Oksavika sin innsats for fridomen. Slik fekk dei innblikk i lokale hendingar under 2.verdskrig. Gjennom turen til Hellaren fekk elevane innblikk i korleis livet kunne vere under Svartedauden. Slik vart turen ei historisk vandring i to periodar som har fått betydning for korleis Norge har utvikla seg vidare.