Stortingsvalet 2025

Skulestart i Sande

Skulestart i Sande

Dato for skulestart for elevane i Sande er 18.august. Kulturskulen startar opp med undervisning måndag 25. august (ei veke etter grunnskulen). Det er nok mange spente elevar no i dagane fram mot skulestart - her er litt praktisk informasjon frå dei ulike skulane. 

blyant, klokke, barn  - Klikk for stort bilete Pexels .com

GURSKEN SKULE

Alle elevane ved Gursken skule startar kl. 08.40 måndag 18.08.2025. SFO opnar 18. august (07.15-16.15)

Busstider: 

Stor buss:
Frå Hide                                 07.45
Gjerdsvika v/butikken:        07.50
Hauge v/gamleskulen:        08.03

Til Hide:                              13.20 og 14.20.

Larsnes ferjekai                   08.20
Halleskiftet                           08.22

NB!
Elevar med tidl. påstigning Larsnes og elevar med tidl. påstigning Hamna må gå til Halleskiftet.

Minibuss:
Frå Årvik:                                08.00
Frå Larsnes:                           08.10
Skulebussen som har køyrt via Sandvika til Gursken oppvekstsenter, vil no gå fylkesvegen til skulen.

Stor buss:
Til Årvik:                                 14.20

KVAMSØY SKULE

Alle elevane ved Kvamsøy skule startar måndag 18. august klokka 08.40.
Alle elevane sluttar klokka 14.50 denne dagen. 

Skuleskyss frå Våge startar klokka 07.55.
Skuleskyss frå Ristesund startar klokka 07.50.
SFO-ordninga fylgjer skuleåret.

LARSNES SKULE

Skuleåret startar måndag 18. august kl. 8.15. Skuledagen varer til kl. 13.10 for 1.-4. klasse og til kl. 14.10 for 5.-7. klasse.

Busstider: 

Buss frå Årvika                      08.00, ankomst Larsnes skule 08.10. 
Buss frå skulen                     13.20 / 14.20

Skulefritidsordninga: kl. 07.10 – og er open til kl. 16.10

 

Vi ønsker alle eit riktig godt skuleår -  lukke til!