Skulelunsj - Sande kommune

Skulelunsj

Skulelunsj i Gursken: – Ei hyggeleg overrasking rett før påske

Fredag fekk elevane ved Gursken oppvekstsenter ei ekstra fin oppleving då representantar frå Haugsbygda Kvinne- og Familielag kom på besøk. Dei blide og engasjerte damene hadde laga lunsj til alle elevar frå 1.–10. trinn.

Skulelunsj  - Klikk for stort bilete Gursken oppvekstsenter

Elevane åt på klasseroma og forsynte seg frå buffé. Eit godt måltid saman med andre gjer godt for oss alle.

– Det smakte aldeles nydeleg, og både elevar og tilsette set stor pris på dette tiltaket. Det er godt å vite at andre bryr seg om oss og ønsker å gi elevane ei god oppleving no rett før påske, seier rektor ved oppvekstsenteret, Marianne Solbjørg Ose.

Tusen takk for at de kom! God påske til alle!