Gursken oppvekstsenter
Elevane åt på klasseroma og forsynte seg frå buffé. Eit godt måltid saman med andre gjer godt for oss alle.
– Det smakte aldeles nydeleg, og både elevar og tilsette set stor pris på dette tiltaket. Det er godt å vite at andre bryr seg om oss og ønsker å gi elevane ei god oppleving no rett før påske, seier rektor ved oppvekstsenteret, Marianne Solbjørg Ose.
Også ved Larsnes oppvekstsenter troppa Larsnes helselag opp og laga til eit godt lunsjmåltid til alle no før påske. Noko som er veldig triveleg for elevane som ikkje berre får delta i eit godt fellesmåltid, men også ser at det er fint å gjere noko for andre.
Damer frå Larsnes helselag
Camilla Auflem Vik
Tusen takk for at de kom! God påske til alle!