Styringsgruppa for 3K-samarbeidet, med dei tre ordførerane i midten.
Pressefoto
Bakgrunnen er at ein ønskjer eit godt og kunnskapsbasert grunnlag før politikarane tek stilling til vegen vidare.
Kvifor ei slik utgreiing?
Samfunnet er i endring. Folketalet utviklar seg annleis enn før, økonomien blir meir pressa, og krava til kommunale tenester aukar. Difor ønskjer kommunane å få ei samla vurdering av kva som kan vere ei tenleg organisering i framtida. Utgreiinga skal sjå på både dagens situasjon og utviklinga på lengre sikt.
Den skal mellom anna ta for seg:
- korleis folketalet utviklar seg
- økonomi og bereevne
- samfunnsutvikling og næringsliv
- korleis kommunane kan løyse sine viktigaste oppgåver på ein god måte
Ikkje eit vedtak om samanslåing
Det er viktig å understreke at dette ikkje er eit vedtak om kommunesamanslåing. Utgreiinga skal gi oversikt, kunnskap og moglege alternativ, men ho inneber ingen avgjersle i seg sjølv. Arbeidet skal liggje på eit overordna nivå og gi politikarane eit godt grunnlag for vidare vurderingar og diskusjonar i kvar kommune.
Tidsplan og kostnadsramme
Utgreiinga har ei øvre kostnadsramme på 1,3 millionar kroner.
Av dette er:
1,0 million kroner sett av til hovudutgreiinga
0,3 million kroner knytt til mogleg tilleggsarbeid, dersom det blir behov for det
Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 21. september 2026. Kostnadane til utgreiinga er dekte av staten.
Tilbodsfrist
Fristen for å levere tilbod på oppdraget er 7. mai 2026.
Vidare informasjon om oppdraget og kva som skal utgreiast, ligg i konkurransegrunnlaget.
Kontaktpersonar:
Ordførarane
Om 3K-samarbeidet:
3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Herøy, Sande og Ulstein der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.
fv Dag Vaagen, Ann-Kathrin Tine Storøy, Stian Skorgen Scheide
Privat