Skal du vere borte i august og september?

Skal du vere borte i august og september?

Fortvil ikkje, du kan få røyste ved stortings- og sametingsvalet 2025 allereie frå 1.juli.

Kan hende er du på ferie eller arbeid langt utanfor heimen og heimkommunen din i sommar og rekk verken valdagen 8.september eller å førehandsrøyste ved stortings- og sametingsvalet 2025. 

I perioden 1. juli–8. august kan du tidlegrøyste på Sande rådhus.

 I tidlegrøystingsperioden må du kontakte kommunen for å avtale tid. 

Telefon: 70 02 6700 

E-post: post@sande.kommune.no

Les meir her om andre tidspunkt for å kunne gi stemma si. 

Vi er heldige og får lov å meine noko i Noreg!  

Bruk stemma di og ver med å påvirke! 

Her er døme på seddelen du skal bruke. Du får stemmeseddel på rådhuset der du skal krysse på kva parti du vil stemme på.