Sjur Strandbakken kåra til ein av Framtidas leiarar 2026

Sjur Strandbakken kåra til ein av Framtidas leiarar 2026

Einingsleiar i bu og habilitering i Sande kommune, Sjur Strandbakken, er kåra til ein av Framtidas leiarar i Kommune- og Helse-Noreg 2026. Kåringa blir arrangert av KLP og AFF ved Norges Handelshøyskole, og løftar fram unge leiarar som viser særleg evne til utvikling, engasjement og langsiktig arbeid. Det er sjette gong at prisen blir delt ut. I år er det tre vinnarar, og Sjur er ein av to frå kommunesektoren.

Sjur Strandbakken - Klikk for stort bileteSjur Strandbakken Nils Fredrik Wisløff-Høgestøl/KLP

Byggjer kvalitet over tid

Juryen trekkjer fram Sjur si evne til å gå utover det som er forventa, og hans sterke vilje til å utvikle både tenesta og arbeidsmiljøet på ein systematisk måte. – Han byggjer kultur og kvalitet gjennom langsiktig arbeid. Ikkje raske løysingar, men systematisk utvikling som gjer organisasjonen robust over tid. Det er dette som gjer at han peikar seg ut som ein leiar for framtida, skriv juryen i si grunngjeving. Sjur har som einingsleiar ansvar for eit stort og viktig fagområde, der tryggleik, kompetanse og omsorg står sentralt.

Stolte kollegaer og leiarar

Kommunedirektør Renathe Rossi Aglen er svært glad for at Sjur har fått denne merksemda. – Sjur er ein leiar som ser folk, lyttar og skaper retning. Han arbeider målretta, involverer medarbeidarane og bidreg til eit sterkt fagmiljø. Denne kåringa er vel fortent og er noko heile kommunen kan vere stolte av, seier Aglen. 

Kommunalsjef for helse og omsorg, Jørn Velle Moldskred, løftar fram Sjur som ein viktig ressurs for Sande kommune. – Sjur står for eit moderne og tillitsbasert leiarskap, og det kjem tydeleg til syne i måten han leier samarbeidet med tillitsvalde, verneombod og medarbeidarane i eininga. Det er nettopp dette samarbeidet – og Sjur si evne til å leie det – som har vore avgjerande for resultata dei har oppnådd saman. Eg er stolt av eininga vår for bu og habilitering og det dei har fått til dei siste åra. Denne kåringa er og ei stor anerkjenning av det arbeidet som blir lagt ned kvar einaste dag, seier Moldskred.

Gjev premie

Sjur Strandbakken i midten - Klikk for stort bileteVerksjef for kvalifiseringssenteret i Nordre Follo, Ban Salah Hashem (t.v.), einingsleiar for bu og habilitering i Sande, Sjur Strandbakken, og seksjonsleiar for BUP Notodden ved Sykehuset Telemark, Marie Kristine Bermingrund Lindberg Nils Fredrik Wisløff-Høgestøl/KLP

Sjur får som ein av dei tre vinnarane, plass på Solstrandprogrammet Accelerate, eit anerkjent leiarskapsprogram med ein verdi på om lag 250 000 kroner. I tillegg får alle nominerte tilbod om eit digitalt utviklingsprogram i regi av AFF. – Eg er takksam for at arbeidet vårt blir lagt merke til. Eg vil dele denne anerkjenninga med alle tilsette i bu og habilitering og med dei andre gode kollegaene mine i Sande kommune, seier Sjur sjølv.

Sande kommune gratulerer Sjur med utmerkinga – og ser fram til det han vil bidra med i tida framover.