Sjønære utsiktstomter til sals på Storehaugen

Sjønære utsiktstomter til sals på Storehaugen

Storehaugen bustadfelt ligg heilt ned ved sjøen i Hallebygda ved Hallevatnet. Det er gåavstand til skule, butikk, barnehage og bibliotek. I nærområdet er det gode moglegheiter for tur og rekreasjon. 

No er alle tomtene byggeklare. Infrastruktur som vatn, straum, asfalterte vegar med lyktestolpar er på plass.

Her kan du sjå dronevideo frå byggefeltet.

 

 

 

Her ser du kvar byggefeltet ligg.

Ingen av tomtene er selde, men det er opsjon på nokon av dei. Reglane på opsjon er slik at ein kan få opsjon på ei tomt for eitt år, med rett til fornying for eitt år.

Dersom andre ønsker å kjøpe tomta skal opsjonhavar ha ein frist på 3 veker til å kjøpe tomta. Om opsjonshavar ikkje kjøper går opsjonen ut, og kommunen har rett til å selje tomta til ny kjøpar.

Tomtene som det er opsjon på er: 2, 3, 12, 13, 14, 15, 16,17 og 18.

Tomtene er rundt 1000 m2.

Her kan du søke om bustadtomt

Storehaugen bustadfelt.Ingen av tomtene er selde, men det er opsjon på nokon av dei.   - Klikk for stort bileteStorehaugen bustadfelt ligg heilt ned ved sjøen. Ingen av tomtene er selde, men det er opsjon på nokon av dei. Asgeir Mundal

Pris

kr 400,- pr kvm.

 

Korleis kjøper eg tomt? 

Søkjarar må vere over 18 år. Søknad om tildeling av tomt skal vere skriftleg. Du kan søke om ei tomt pr. familie eller bedrift.

Er det berre ein søkjar på ei tomt, vert den tildelt søkjaren. Privatpersonar har rett til å få tildelt tomt framføre firma. Er det fleire søkjarar på same tomt, vert tildelinga avgjort ved loddtrekning. Søkjar har høve til å vere til stades ved loddtrekning.

Du kan lese meir om reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Sande kommune reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Sande kommune (PDF, 2 MB).

Husbanken har  gode ordningar med startlån for førstegongsetablerarar

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Kjell Martin Vikene eller Karina Halle Turan:

E-post: kjell.martin.vikene@sande.kommune.no eller på mobil : 90882170

E-post: karina.halle.turan@sande.kommune.no eller på mobil: 94853604

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70
Karina Halle Turan
konsulent
E-post
Mobil 94 85 36 04