Sjølvberging i og ved vatn Ingrid Gagnat "Sjølvberging i og ved vatn" er livbergingsprosjeketet som elevar ved Larsnes skule held på med på badestranda på Larsnes kvar fredag. Det er elevane i 3. og 4. klasse ved Larsnes skule som er med på denne opplæringa – og i spissen står lærarane Edvard Inge Rekdal og Ingrid Gagnat. Opplæringa tok til i august og førstkomande fredag er siste gong elevane og lærarane er å finne på stranda denne hausten. Så startar dei opp igjen til våren ein gong. Prosjektet har vore veldig populært blant elevane og gir dei god opplæring om eit viktig tema. I samband med prosjektet søkte skulen om å få livbøyer frå Tryg, og det fekk vi. Desse er no plasserte ut i området ved badestranda på Larsnes, og Edvard Inge kan i tillegg no smykke seg med tittelen livbøyefadder. Asgeir Mundal Publisert av Elin Rokstad Sist endra 07.10.2022 09:23