Sjette og sjuande klassingar ved Kvamsøy oppvekstsenter vann teikneseriekonkurranse

Sjette og sjuande klassingar ved Kvamsøy oppvekstsenter vann teikneseriekonkurranse

6. og 7. klassingar på Kvamsøya er samla i ei klasse og denne klassen vann Framtida junior sin klassekonkurranse. Elevane vart svært overraska og overlukkelege då dei fekk vite at dei gjekk til topps i denne teiknekonkurransen. 

6.-7.-klasse Kvamsoy skule - Klikk for stort bilete Kvamsøy oppvekstsenter

Juryen i teiknekonkurransen fremheva at gode teikningar og blandinga av spennande fakta og morosame vitsar til saman bidrog til at dei kom på første plass i konkurransen.

Sjuandeklassingen Erika Brekke (12) vart i tillegg vinnar av teikneseriekonkurransen og sa til Framtida Junior at ho blei både glad og overraska over at ho vann. Avisa Framtida Junior skriv at ho konkurrerte med over to hundre teikneseriar laga av elevar i heile landet. Juryen uttalte følgjande om Erika sitt bidrag : " Teikneserien om djevelskata er både vakker og gjev fine fakta om ein spennande fisk"

Erika Brekke - Klikk for stort bileteErika Brekke Kvamsøy oppvekstsenter

 

Erika fortel om bakgrunnet for at ho valde å lage teikneserien om djevelskata:

-Eg synest djevelskata er veldig fin, og eg visste ikkje så mykje om ho. Så då var det ein måte eg kunne lære meir om ho. Kunst og handverk og norsk er favorittfaga hennar, men ho likar også matte og engelsk. Erika har teikning som hobby og ho seier at det kan hjelpe henne med å fokusere meir på skulen.

Teikneserien som Erika Brekke teikna fekk førsteprisen Kvamsøy skule

 

Både Erika og klassen får premiar frå Framtida Junior. Klassen får tusen kroner, klassesett av papiravisa til Framtida Junior og bokmerke. Erika får i tillegg til 500 kroner både T-skjorte og abonnement på Framtida Junior.