Satsar di bedrift på utvikling og vekst?

Satsar di bedrift på utvikling og vekst?

Arbeider du i ei bedrift som vil satse på utvikling for å få vekst? ÅKP har eit svært aktuelt program for slike bedrifter. Det er lagt opp til samlingar og den første er 23. mars 2026.

God ide - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Forretningsutvikling krev både avklaringar og gode prioriteringar. ÅKP StepUp er eit tilbod som skal hjelpe bedrifter å finne retning, sjå nye moglegheiter og kome i gang med viktig strategiarbeid.

Dette avklaringsprogrammet kan vere aktuelt for utvikling i bedrifter som har hamna i ein marknad med høg konkurranse. Eller er bedrifta di sterkt påverka av trendar? I tillegg er StepUp programmet svært aktuelt ved generasjonsskifte og leiiarskifte.

ÅKP StepUp kombinerer fysiske samlingar med arbeid mellom samlingane. Tidlegare deltakarar trekker fram at denne kombinasjonen gir betre innsikt, god framdrift og nyttige verktøy for vidare utvikling.

Samlingar våren 2026

Første samling startar 23. mars 2026. Alle samlingane går på dagtid kl. 09.00–16.00.

Les det som står i lenkja under og vurder om det er noko for di bedrift:

ÅKP StepUp - eit avklaringsprogram for utvikling og vekst!

ÅKP - Klikk for stort bilete ÅKP