Sandetun satsar på solceller

Sandetun satsar på solceller

Prosjekt "Solceller på Sandetuntaket " er oppstarta. Vi forventar at dette blir ferdigstilt om eit par veker.

Sande kommune har fått tildelt 3.600.000 kroner til dette tiltaket frå Enova og tiltaket er fullfinansiert av offentlege tilskotsordningar.

 Byggeleiar Kjell Hauge forventar at ca. 230.000 kwh blir levert per år på dette anlegget.

Det er Tussa Installasjon as som monterer anlegget på den delen av Sandetun omsorgssenter som ikkje skal utbyggast.

Påbygging av nye omsorgsleilegheiter på ein del av Sandetun er også snart i gong. 

Synfaring

Onsdag 6. september var det synfaring på taket på Sandetun omsorgssenter. Her var kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (SP) og lokale politikarar samt fylkespolitikar Per Ivar Lied (SP) oppe i høgda og såg både på solcelle-panel og den vakre utsikta denne fine dagen. 

God stemning blant alle - både i administrasjon og blant folkevalde.  Alle var godt nøgde med løysinga som snart er på plass og den gode finansieringsmodellen ein har lukkast med.

Tussa Installasjon as var i full sving med monteringa.  Det er teke høgde for at det bles godt i Sande og sikringstiltak mot vind og ver skal på plass.