Sandetun omsorgssenter er resertifisert som livsgledeheim

Sandetun omsorgssenter er resertifisert som livsgledeheim

Livsgledegruppa - Klikk for stort bileteLivsgledegruppa

Denne veka har Sandetun omsorgssenter hatt besøk av to sertifisørar frå Livsglede for eldre, som nøye har gått gjennom arbeidet vi har gjort siste året, for å sjå om vi framleis skal vere sertifisert livsgledeheim.

Gjennomgangen gjekk svært bra, og tilbakemeldingane er at vi gjer ein god jobb. Stor honnør til alle tilsette ved omsorgssenteret for god innsats. Vi har hatt stor framgang frå sertifiseringa i fjor, og bebuarane ved omsorgssenteret får mellom anna individuelle aktivitetar og aktivitetar i frisk luft kvar veke.

 

Livsgledeheim skal hjelpe omsorgssenteret med å ivareta dei psykososiale behova til kvar einskild bebuar, kvar einaste veke, uavhengig av kven som er på jobb. I eldrereformen Leve hele livet les vi at Livsgledeheim «skal bidra til at alle omsorgssenter som ønskjer det, får opplæring, støtte og vegleiing til å sette aktivitet og gode opplevingar for den einskilde i system». Slik oppnår kommunen betre kvalitet i tenestene, og bebuarar, tilsette, pårørande og nærmiljøet får fleire gylne augeblikk, meir glede og auka folkehelse.

 

Livsgledegruppa - Klikk for stort bileteLivsgledegruppa

 

Følg oss gjerne på Facebook på «ØYA/Livsgledeheim» for oppdateringar og informasjon om arbeidet som vert gjort.

 

 

Kva er Livsgledeheim for eldre?

Her kan du lese meir om Livsgledeheim slik det er organisert i Sande